Stad kommune, Vestland
Lokasjonar og massetak
AS Norsand har base på Nor i Stad kommune og disponerer to massetak i same region. Her produserer vi naturlege og bearbeidde masser for sal og eige bruk.
Hovudbase
Norsmona – Nor i Stad
Her har vi basen vår med kontor og verkstad. Norsmona har vore hjarta i AS Norsand sidan oppstarten i 1975. Det opphavlege sandtaket vart drive her fram til tidleg på 2000-talet og er no tilbakeført til landbruksareal.
All administrasjon, vedlikehald av maskinparken og dagleg drift vert koordinert frå denne basen.
AS Norsand
Nordfjordvegen 3850
6774 Nordfjordeid
57 86 28 51
post@norsand.no
Sand og massetak
Trollhaugen – Vedvikmona
Sand- og massetaket i Vedvikmona ligg nord om Eidselvas utløp frå Hornindalsvatnet, og har naturlege førekomstar av sand og grusmasser med svært god kvalitet.
Her føregår mesteparten av finknusinga med vårt Sandvik Road Classifier RC3800 mobile finknuseverk. Verket er utstyrt med tredekka sikt som gjer det mogleg å ta ut opptil 3 fraksjonar i ein gong på hovudsikta, pluss ein 4. fraksjon på forsikta.
Det er òg førekomstar av fjell i Vedvikmona, der det tidlegare vart teke ut murstein.
Steintak
Nor-Kviane – Stad
Steintaket ligg i Kviane på sørsida av Eidselva, rett vest for Nor bru i Stad kommune. Her sprengjer vi ut og produserer masser av fjell for sal og eige bruk.
Her føregår mesteparten av grovknusinga med vår mobile Metso LT105S grovknusar. Med hurtigkobla siktemodul kan ein velje å ta ut 2 fraksjonar i same operasjon – pukk og grus, eller berre usortert pukk (grove bærelagsmasser). Forsikta under matestasjonen gjer det mogleg å ta ut ein 3. fraksjon.
Eid Betong AS har også basen sin med blandeverk og garasjar på dette stedet.
Finn oss


